Foldsæ utdanningssenter
Foldsæ utdanningssenter er bygd opp rundt garden Foldsæ i Fyresdal Kommune. Dette er ein tidlegare landbruksskule som i 2002 blei overtatt av ei stfting som sidan har arbeidd med utvikling av ulike utdanningsverksemder på staden.
I dag er det fyrst og fremst Fyresdal vidaregåande Steinerskule, som gjev undervisning i naturbruk, og frå hausten -08 bygg- og anleggsfag med fordjuping i økologisk byggfag.
I tillegg har Rudolf Steinerhøgskolen hatt sitt masterprogram i Steinerpedagogikk lokalisert på Foldsæ sidan 2004.
Vi har eit gardsbruk som har vore drive økologisk i snart 15 år med hovudsakleg mjølkeproduksjon, men og nå med stadig meir vekt på økologisk grønsakproduksjon. Garden er søkt godkjend som biologisk-dynamisk (Demeter) i 2008.
Foldsæ rår og over store skog- og utmarksressursar som forutan å bli aktivt nytta i undervisninga og inngår i planar om eit sterkare fokus på økologisk og berekraftig forvaltning av utmarka. Foldsæ er i ferd med å etablere seg som ein av dei største økologiske undervisnings og – på sikt - forskingsskogane i Europa.
Foldsæ tilbyr og mogleghetar for kortare og lengre opphald med fordjuping i landbruk eller andre naturrelaterte område, for skuleklasser eller enkelt-elevar frå heile Europa.
Vi har under planlegging eit økologisk demonstrasjons- og inspirasjonssenter knytt til eit tidlegare fiskeoppdrettsanlegg, noko som vil gjere det mogleg å studere små lokale økosystem knytt til vatn, samtidig som vi vonar dette vil bli ein attraktiv rekreasjonsplass for ålmenta.
Vidare ser vi for oss ulik forskingsaktivitet innafor bio-dynamisk landbruk, fenomenologi og økologiske spørsmål. Vi har allereie fått installert eit biokrystallisasjonsanlegg (truleg det fyrste i Norge) som er eit viktig instrument innafor bio-dynamisk forsking.
Vi er i ferd med å bygge opp eit sterkt fagmiljø innafor økologisk byggeri og alternativ energi og energiøkonomisering.
Planane framover inneber, forutan vidareutvikling av vidaregåande- og høgskulestudia, og ei sterkare satsing på kortare fagkurs og seminar innafor naturforvaltning og økologisk forståing for skuleklasser på ulike nivå.
Foldsæ Utdanningssenter
Hauggrend
3870 Fyresdal
Tlf. 35067040, mobil 90812704
Dagleg leiar:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Prosjektansvarleg:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Websida byggjast opp i desse dagar.
|
| |
|
|